– Vi har for stor respekt for autoritetar innen klassisk musikk ⋆ Kontekst
Illustrasjon av en cello i skyggen av en lærer
«La oss jobbe for at lærarar og dirigentar skal vere fasilitatorar og samarbeidspartnarar heller enn guruer og diktatorar», skriver Siri Storheim i dette innlegget. Foto:Kontekst/Midjourney*
Essay

– Vi har for stor respekt for autoritetar innen klassisk musikk

Strenge hierarki og ugunstige maktstrukturar er ein del av kulturen, skriv Siri Storheim.

I 2013 sa påtroppande sjefsdirigent i Oslo-filharmonien, Vasily Petrenko, dette til Aftenposten, då han fekk spørsmål om kvifor det fantes så få kvinnelege dirigentar:

— Jeg tror at når kvinner får familier blir det vanskelig å være så dedikert som bransjen krever. En annen side er at orkestermusikere reagerer bedre på å ha en mann foran seg. De har ofte mindre seksuell energi og kan fokusere mer på musikken. En søt jente på podiet gjør at tankene går mot noe annet.

Er det verkeleg naudsynt å dra fram ein ti år gamal sak? Kanskje ikkje. Petrenko hevda seg misforstått, unskyldte i etterkant,  og kom ikkje med liknande utsagn igjen.

Les også: Siri Storheim tildelt Komponistforeningens likestillingspris

Likevel synes eg det er eit spanande døme på korleis ting funkar i bransjen. Kva om ein påtroppande overlege på Oslo Universitetssjukehus hadde uttalt at kvinner ikkje egna seg som legar? Eg kan ikkje sjå for meg at vedkommande hadde fått behalde jobben, sjølv om ein kunne unnskylde det med kulturskilnader. Så kvifor var det greitt i musikkverda?

I 2013 gjekk eg på vidaregåande. Eg høyrde om saken, men det profesjonelle musikklivet var fjernt for meg. Det var fyrst då eg byrja på Norges Musikkhøgskole i 2015, at eg reflekterte over det. Som fyrsteårsstudent satt eg i orkesteret når Petrenko underviste dirigentstudentane. Eg hadde lest sitatet i avisa og hadde høyrd at han var ein god dirigent. Eg kjente han ikkje og ingen hadde sagt til meg at han var misforstått, angra eller hadde lært av situasjonen. Det einaste eg tenkte på var korleis det ga meining at ein person med eit tilsynelatande ekstremt kvinnesyn skulle stå framfor oss og undervise kvinnelege dirigentstudentar.

Eg fann ikkje noko svar, men det heldt eg for meg sjølv.

Hadde eg vore 16 år og endå uvitande om hierarki og normer i orkesterverda hadde eg sikkert tatt meg ein liten konfronterande prat med Petrenko der og då. Men som 20-åring hadde eg lært at ein ikkje skulle kritisere eller konfrontere autoritetar. Det meiner eg er ein svakheit i kulturen vår, fordi eg trur den praten eg aldri tok kunne vore veldig spanande. Hierarki og einvegskommunikasjon betyr mindre dialog, og mindre dialog betyr mindre forståing.

Annleis i dag?

I etterkant har eg lurt på korleis den interne prosessen var når Petrenko vart invitert til NMH som gjestelærar. Var det nokon som protesterte? Hadde Petrenko blitt engasjert om det var ein overvekt av kvinner i direksjonsavdelinga heller enn av menn? Ikkje minst, hadde dette sett annleis ut om det skjedde i dag, 10 år seinare? Det trur eg absolutt, spesielt på denne sida av #metoo. Hadde han blitt «cancelled» eller er kunstnerisk fridom ein motvekt til cancel culture?

«Vi har bygga opp ein kultur der dei store namna er opphøya og har overdriven respekt, men også om at det sjeldan lønnar seg å sei ifrå.»

Sidan dette har eg sittet på mange meisterklassar eller i orkestre, der læraren eller dirigenten har komet med problematiske kommentarar eller utsegn, som eg gjerne skulle protestert på eller diskutert, men det gjer eg aldri.

Det har noko å gjere med at vi har bygga opp ein kultur der dei store namna er opphøya og har overdriven respekt, men også om at det sjeldan lønnar seg å sei ifrå. Dirigentar og kjente professorar har ofte stor innflytelse, og for studentar og frilansarar er det karrieremessig smart å halde seg inne med dei som har makt og kontaktar.

Meir makt enn i andre utdanningar

Den klassiske musikkutdanninga er fortsatt primært basert på meisterlære. Modellen antydar at nokon sitt med all kunnskapen – læraren – og nokon sitt med ingen kunnskap – studenten. I musikkutdanning har undervisarane reelt sett meir makt enn i mange andre utdanningar fordi dei største faga ikkje er regulert av pensum. På eit utøvande studium utgjer faget hovudinstrument omlag halvparten av studiepoenga. Om innhaldet står det:

«Valg av repertoar gjøres ut fra hensynet til at studenten bør bygge opp et så bredt repertoar som mulig ut fra den enkeltes instrumentaltekniske forutsetninger og interesser. En stor del av arbeidet med emnet går med til innstudering av repertoar og til vedlikehold og utvikling av tidligere innstudert repertoar. Norsk musikk, nordisk musikk og samtidsmusikk bør være representert.»

Nokon lærarar vil diktere det meste eller har eit fast opplegg, mens andre gir meir fridom. Likevel er det berre hovudinstrumentlærar som må skrive under rapporten med gjennomgått repertoar, og om eksamen står det at: «Student og hovedinstrumentlærer setter opp eksamensprogram. Ved uenighet om eksamensprogrammet avgjør hovedinstrumentlærer.» Dermed sitter lærarane med enorm innflytelse over studiet, og at den enkelte sine personlege haldningar vert svært relevant for studentane deira. Dette skapar ein kompleks maktbalanse.

Sette krav

I januar heldt eg ein workshop for masterstudentar på Norges Musikkhøgskole i samband med eit seminar om mangfald og likestilling. Vi avslutta med å lage ein liste over mangfalds- og likestillingsrelaterte tiltak som kunne gjere utdanninga betre. Høgt på lista var at dei ønskja seg meir mangfald blant kunstnarisk tilsette, og at institusjonen skulle sette høgare krav til hovudinstrumentlærarane.  

Grunnen til at vi kan akseptere sakar som den med Petrenko i musikkbransjen og i musikkutdanning, men kanskje ikkje i andre bransjar, er at vi kan skyve kunsten framfor oss. Men kunstnarisk kvalitet er også subjektivt. Når dei med mest definisjonsmakt er ein homogen gruppe får vi einsidige kriterier for kvalitet og suksess. Det er essensielt at kunstnarisk tilsette har mykje fridom, og vi må stole på at dei forvaltar han godt, men kan vi ikkje følge studentane si oppfordring om å sette litt krav?  På same workshop kom det nemleg fram at fleire av studentane ikkje opplever at lærarane sjølv tek ansvar for å sette seg inn i repertoar frå underrepresenterte grupper. Dette stemmer også med mi erfaring.

Det kan vere vanskeleg å sjå uretteferdighet eller reflektere over privileger når enn sjølv tilhøyrar den privilegerte majoriteten. Når eg har poengtert problem med kjønnsbalanse i min seksjon på NMH (blås og slagverk), som er ekstremt mannsdominert, har svaret vore «det hadde vi ikkje tenkt på.» Då er det institusjonens ansvar å gjere dei bevisste. I andre fagfelt har ikkje professorane anna val enn å heile tida følge med på ny forsking og sørge for at pensum er oppdatert. Det same bør gjelde i musikk. I tillegg bør både tilsette og studentar bli kursa i handtering av ubevisste fordommar, diskriminering og rasisme. Kall det gjerne hjelp til sjølvhjelp.

Einvegskommunikasjon er gamaldags. La oss jobbe for at lærarar og dirigentar skal vere fasilitatorar og samarbeidspartnarar heller enn guruer og diktatorar – uavhengig av kjendisstatus.